|
|
||||||
|
![]()
|
![]() ![]() Velkommen til overnatting i Bøverdalen, Lom! I den vakre og imponerande fjelldalen Bøverdalen finn du garden Galde Uppigard, 550 m.o.h.I gamle og nye hus kan vi tilby overnatting i fine naturomgjevnader og frisk luft. Her har du kort veg til skisenter, jakt, fiske, fjellturar og rafting. I tillegg til overnatting på garden leiger vi også ut sætra på Raubergstulen. Dette er ein idyllisk og barnevennleg plass der du kan sjå kyr, sauer og hestar. I den nye delen av setra finn du stove, dusj, toalett, og eit godt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin. I den gamle delen opplever du sæteridyllen frå gamle dagar. |
![]()
|